søndag 29. oktober 2017


«Glint» - av Tor Arve Røssland


Denne boka er skreve av Tor Arve Røssland, og vart gidd ut i 2015. Røssland er også den kjente forfattaren bak den kjente trilogien Svarte-Matilda, som blei nominert til ungdommens eigen litteraturpris, Uprisen. Han blei født i 1971, og bur på ein liten plass utanfor Bergen, kalla Halhjem.
Boka er skreve for ungdom og passar godt målgruppa. Det er mykje spenning og overraskingar sjølv om det er eit originalt tema og skrive bøker om.

Vi les om to 15 år gamle ungdommar, Jon og Solveig, som bur på vesle, forblåste Grovøy. Jon har nyleg flytta dit, mens Solveig sjal flytte inn til fastlandet sidan ho nettopp har blitt foreldrelaus. Dei har mykje til felles, han Jon og ho Solveig, men dei er skildre i tid med nærare åtti år. Jon si historie går føre seg i vår tid, medan Solveig si startar i april 1940 – då tyskarane okkupert Noreg.

Solveig blir raskt gjort til tenestejente i sitt eige hus, og slepp å flytte. Noko ho er endelaust glad for. Dette blir orda av den tyske kommandanten som overtek huset. Ho mister dermed gradvis kontakten med vennene og kjærasten, og føler seg svære åleine. Krigen blir blei mykje meir langvarig enn Solveig hadde trudd, og dei andre på øya synest ho blir litt for gode vener med tyskarane.

Jon prøver å skaffe seg nye venner, men det er ikkje lett når orda heng seg opp i munnen, spesielt rundt nye og ukjende folk stammar han noko heilt forferdeleg. Han kjem likevel i kontakt med eit rockeband som øver  ungdomshuset, og han forelskar seg grenselaust i Rebekka, som speler trommer i bandet. Men ingen av ungdommane tør å vere i ungdomshuset om kvelden. Seier dei dette berre på tull? Eller er det noko der? Jon må finne ut kva, og det som skjer er ikkje for lettskremte.

Eg synes dei to historiene funkar godt kvar for seg, og korleis dei gradvis snirklar seg mot kvarandre, og korleis vi skjønar kva som er i ferd med å skje. Eg trur også at boka kan verke støytande på enkelte lesarar.

For meg så var boka både spennande og grusom. Men i tillegg er det noko menneskeleg og skjørt iver dei to hovudpersonane. Det er truverdig og fælt å sjå okkupasjonen saman med Solveig, og korleis ho får oppleve både det verste og beste i andre menneske. Men kanskje aller mest i Jon, der forfattaren klarer å skildre det såre og vanskelege som mange tenåringar slit med den dag i dag: det å skaffe seg venner når ein er sosialt utfordra. På bakgrunn av dette gir eg boka terningkast 5.

1 kommentar: