Vindauga i matsalen vender mot fjorden
Boka heitar «Vindauga i matsalen
vender mot fjorden», skreve av Mette Karlsvik og dette er debutboka hennar. Ho
vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris
for boka i 2005, same år som den blei utgitt. Ho har ein bachelorgrad i
biletkunst frå Glasgow og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er oppvaksen i Frei kommune og er 38 år
gamal.
Boka tek
opp eit viktig tema, nemleg psykisk helse og spesielt spiseforstyrring. Sjølve
tema i boka er eit tema som er svært omdiskutert i dagens samfunn. Det er mange
ungdommar som slitar med press frå seg sjølv, skole eller foreldre og detta kan
føra til spiseforstyrringar.
Gjennom
tidene har spiseforstyrringar blitt vanlegare og vanlegare. Det er tydeleg
mange fleire som slitar med det i dag enn det var for 20 år sidan. Eg trur ein
av grunna til dette er korleis, spesielt unge jenter, opplever mange
forventningar til kvardagen sin. Du skal gå i dei rekka kleda, du skal ha gode karakterar,
du skal være i god form og du skal alltid væra festens midtpunkt.
Kvar dag opplever
vi press. Dette kan være i form av reklame, eller i form av forventningar,
eller karakterar, kanskje til og med i form av fraværsgrensa. Disse faktorane
førar til at ein kjenner eit press og ein forventningar til korleis ein skal oppføre seg. I ekstreme tilfella
kan detta presset føra til alvorlege psykiske sjukdomar, slik som anoreksi
eller bulimi.
For å unngå dette er det viktig å prøve å senka dette presset. Vi
er berre menneska og det er ikkje meininga at vi skal vere så ‘perfekte’. Dagens samfunn
styres mykje av press, men det trenger ikkje vere sånn.
Fint innlegg! :-)
SvarSlett최고 지도자는이 헛소리를 허용하지 않는다.
SvarSlett