tirsdag 31. oktober 2017

Vindauga i matsalen vender mot fjorden

Boka heitar «Vindauga i matsalen vender mot fjorden», skreve av Mette Karlsvik og dette er debutboka hennar. Ho vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka i 2005, same år som den blei utgitt. Ho har ein bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen.  Ho er oppvaksen i Frei kommune og er 38 år gamal.

Boka tek opp eit viktig tema, nemleg psykisk helse og spesielt spiseforstyrring. Sjølve tema i boka er eit tema som er svært omdiskutert i dagens samfunn. Det er mange ungdommar som slitar med press frå seg sjølv, skole eller foreldre og detta kan føra til spiseforstyrringar.

Gjennom tidene har spiseforstyrringar blitt vanlegare og vanlegare. Det er tydeleg mange fleire som slitar med det i dag enn det var for 20 år sidan. Eg trur ein av grunna til dette er korleis, spesielt unge jenter, opplever mange forventningar til kvardagen sin. Du skal gå i dei rekka kleda, du skal ha gode karakterar, du skal være i god form og du skal alltid væra festens midtpunkt.

Mykje av dette er press, og det er veldig diskutert om kor detta presset kommer frå.  Mange meiner det er frå foreldre, eller frå korleis samfunnet fungera eller at dette presset rett og slett kommer frå ein sjølv. Eg tenkar at dette presset i dagens samfunn er bygd opp av fleira forskjellege faktorar og mange av dei er konstruert av oss sjølv som ein heilheit.

Kvar dag opplever vi press. Dette kan være i form av reklame, eller i form av forventningar, eller karakterar, kanskje til og med i form av fraværsgrensa. Disse faktorane førar til at ein kjenner eit press og ein forventningar  til korleis ein skal oppføre seg. I ekstreme tilfella kan detta presset føra til alvorlege psykiske sjukdomar, slik som anoreksi eller bulimi.

 For å unngå dette er det viktig å prøve å senka dette presset. Vi er berre menneska og det er ikkje meininga at vi skal vere så ‘perfekte’. Dagens samfunn styres mykje av press, men det trenger ikkje vere sånn. 

2 kommentarer: