søndag 29. oktober 2017



   «Billie»    
                              
Billie er eit morlaust løvetannbarn med ein hardbarka stefamilie, der vald og alkoholmisbruk har vore ein sentral del av kvardagen. Mora, som kalla ho opp etter Michael Jacksons «Billie Jean», drog frå ho då ho berre var eit år gamal. Den brutale barndommen hennar har satt djupe spor. Billie er prega av mangel på erfaring med positiv menneskeleg kontakt. Ho våger ikkje å drøyme om tryggleik og glede, og slår frå seg både verbalt og fysisk. Franck er på den andre sida ein kjensleladd og pysete homofil rikmannsgut som dagdrøymer og held seg for seg sjølv.

Mot slutten av ungdomsskulen finn dei to utskota på et underleg vis saman. Billie og Franck må nemleg spele mot kvarandre i eit Alfred de Musset-stykke. Her finn dei rom for diskusjonar rundt eksistensielle spørsmål, og dette utviklar seg etter kvart til eit venskap.

Boka byrjar med at bestevenane, som no er i 20åra, ligg på ei fjellhylle etter å ha falle utfor ei skrent. Franck skader seg og er medvitslaus, og Billie er redd for å miste venen som ho ikkje kan leve utan. Medan dei ventar på at nokon skal komme og hjelpe dei, tiltrur ho seg til ei lita stjerne på den store, klåre nattehimmelen, og fortel historia deira. Gong på gong vender fokuset seg mot et av dei store spørsmåla i Musset sitt skodespel «Ein spøker ikkje med kjærleiken». Kor mykje kan ein elske utan at kjærleiken blir urein?     
Romanen er skriven av franske Anna Gavalda. Ho fekk stor suksess med si førre bok «ein vakker dag», og er kjend for sitt enkle og munnlege språk. Også i romanen «Billie», skriv ho knakande godt. Gavalda nyttar seg av eit drøss med skildringar og andre språklege bilete, noko som fargar språket og gjer det meir leikande. Samstundes er vekslinga mellom den særeigne forteljarstemma til Billie og dialogane, imponerande utført.

Gavalda forfører lesaren inn i eit univers i skjeringspunktet mellom sorg og glede. Sjølv om hovudpersonane lettbeint vekslar mellom tårer og smil, synest eg at det er vanskeleg å leve seg inn i forteljinga. Det blir ein smule overflatisk og tilgjord. Etter å ha lest boka, sit eg igjen med ein kvalmande ettersmak som følge av unødvendige klisjear. Det er svært synd at boka ikkje makter å engasjere meg. Slik eg ser det, kunne ho potensielt vore ei ganske rørande bok. Derimot går ho nok under kategorien «fort lest, og fort gløymt». Når det er sagt, skal forfattaren ha ros for eit særdeles fargerikt og godt språk.   
                                    

2 kommentarer: