«Billie»

Mot
slutten av ungdomsskulen finn dei to utskota på et underleg vis saman. Billie
og Franck må nemleg spele mot kvarandre i eit Alfred de Musset-stykke. Her finn
dei rom for diskusjonar rundt eksistensielle spørsmål, og dette utviklar seg etter
kvart til eit venskap.
Boka
byrjar med at bestevenane, som no er i 20åra, ligg på ei fjellhylle etter å ha
falle utfor ei skrent. Franck skader seg og er medvitslaus, og Billie er redd
for å miste venen som ho ikkje kan leve utan. Medan dei ventar på at nokon skal
komme og hjelpe dei, tiltrur ho seg til ei lita stjerne på den store, klåre
nattehimmelen, og fortel historia deira. Gong på gong vender fokuset seg mot et
av dei store spørsmåla i Musset sitt skodespel «Ein spøker ikkje med kjærleiken».
Kor mykje kan ein elske utan at kjærleiken blir urein?
Romanen
er skriven av franske Anna Gavalda. Ho fekk stor suksess med si førre bok «ein
vakker dag», og er kjend for sitt enkle og munnlege språk. Også i romanen «Billie»,
skriv ho knakande godt. Gavalda nyttar seg av eit drøss med skildringar og
andre språklege bilete, noko som fargar språket og gjer det meir leikande. Samstundes
er vekslinga mellom den særeigne forteljarstemma til Billie og dialogane, imponerande
utført.
Gavalda
forfører lesaren inn i eit univers i skjeringspunktet mellom sorg og glede.
Sjølv om hovudpersonane lettbeint vekslar mellom tårer og smil, synest eg at
det er vanskeleg å leve seg inn i forteljinga. Det blir ein smule overflatisk og
tilgjord. Etter å ha lest boka, sit eg igjen med ein kvalmande ettersmak som
følge av unødvendige klisjear. Det er svært synd at boka ikkje makter å
engasjere meg. Slik eg ser det, kunne ho potensielt vore ei ganske rørande bok.
Derimot går ho nok under kategorien «fort lest, og fort gløymt». Når det er
sagt, skal forfattaren ha ros for eit særdeles fargerikt og godt språk.
Fint innlegg! :-)
SvarSlett최고 지도자는이 헛소리를 허용하지 않는다.
SvarSlett