Dystopia I, Terje Torkildsen
Dette er
fyrste boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Ho vart gidd ut i 2009, det same
året som Terje Torkildsen fekk Uprisen for romanen «Marki Marco». Torkildsen er
født i 1971 og bur i Stavanger. Han arbeider som komikar, skodespelar og
forfattar. Han fekk og Uprisen i 2011 for boka Dystopia III.
Boka er skreve for ungdom og
er godt tilpassa målgruppa. Ho har eit ungdommeleg språk, innleving, spenning,
og ein original historie. Boka passer for deg som er ein utolmodig og
spenningsglad lesar. Torkildsen har fylt boka med små spenningstoppar som gjer
at ho er veldig lett å lesa. Dei små spenningstoppane gjer og at ein vil
fortsetta og lesa.
Dystopia I handlar om seks
ungdommar som saman med deira to lærarar oppheld seg i London når det dei trur
er ei hundreårsbølgje inntreff. Handlinga finn sted tidleg i januar, noko som
gjorde det ekstra kaldt når dei heller ikkje hadde noko elektrisitet til
oppvarming. Straumen går og dei får ikkje inn telefondekning, dei har ikkje
vatn og byen blir evakuert. Dei veit ingenting om hendelsen, verken kor mange
som er ramma eller kva som eigentleg har skjedd. Likevel klar dei til slutt å
tenkje seg til at det ha måtte vere ein stor tsunami som mest sannsynleg har
ramma fleira områdar og land.
Skuleelevane kjem frå
Stavanger og dei var ute på byen kvelden før tragedien. To av gutane vakna opp
på ein framand plass i bakrus og dei prøver å finne vegen tilbake til hotellet.
Heldigvis har han eine av dei to gutane budd i byen tidlegare. Det er portforbod
i heile London, men med god hjelp frå ein politimann kjem dei til slutt fram
til dei andre på hotellet. Lærarinna deira er borte, truleg drepe av dei store
vannmassane. Læraren deira sei at dei må komme seg til flyplassen for å ta
flyet heim.
Flyplassen er stengd og det
opphald seg store folkemengda som desperat prøver å komme seg ut av landet. Dette
til inga nytte. Militære styrkar kjem og reinskar heile området. Det oppstår stor
panikk og folk spreng. Nokon dett og blir trampa i hel av den store
folkemengda. Læraren er blant dei som døyr på flyplassen og elevane blir
overlaten til seg sjølv.
I resten av romanen følg me deira
reise frå flyplassen i håp om å komme seg ut av landet. Dei opplev mang skumle
scenar noko som gjer sterkt inntrykk på dei seks ungdommane. Dei møt på mange
utfordringar, men klarer og tenkje utanfor boksen slik at dei på mirakuløst vis
kjem seg vidare på ferda. Dei køyrde truck, båt, bil og buss og ikkje minst
gjekk dei langt i løpet av dei seks dagane i tragedien.
Til slutt finn dei ut at dei
må komme seg til Eden. Dei har funne ein ny bil som hadde vore utfor ei ulykke
og var derfor litt vraka. Dei får likevel start på bilen og begynner reisa mot «Edens
hage». Bilen hadde ikkje lys, og dei køyrde på ein grevling. Sidan butikkane
hadde stengt hadde dei lite mat, og måtte ete det dei fant på vegen. Dette var
grunnen for at det bestemte seg for å ta med seg grevlingen til Eden. Mens dei
berde Grevlingen til bilen, vart dei angrepet av tre rømte fangar. Dette var ei
ofseleg scene som resulterte i to dødsfall og ein kritisk skadd.
På slutten av romanen får vi
vete at dei har nådd fram til Edens Hage. Her har dei dyrka ein regnskog inni
eit stort drivhus. Dei er enda ikkje heime i Norge, men det ser lysare ut for
dei fem gjenværande ungdommane. Vi får ikkje vite kva som skjer vidare, så om
du vil vete om dei kjem seg heim må du nok lese alle fire bøka.
Fint innlegg! :-)
SvarSlett