søndag 29. oktober 2017

Vemmelege Vers – Roald Dahl

Boka «Vemmelege vers» av Roald Dahl (gjendikta av Grethe Fatima Syéd) er ikkje berre ei forteljing, men fleire. Seks kjente barne-eventyr skriven av han Roald Dahl er representert i boka og dei seks tekstane er: Oskepott, Jack og bønnestengelen, Snøkvit og dei sju dvergane, Gullhår og dei tre bjørnane, Raudhette og ulven og dei tre små grisane. Sjølv om boka består av seks tilsynelatande forskjellege tekstar finst det ein raud trå som strekker seg gjennom heile boka. 
Grethe har nemleg prøvd å gjendikta dei seks forteljingane til han Roald Dahl slik dei «eigentleg» var, med masse rare og til dels artige handlingsendringar. Språket er også blitt modernisert med slenguttrykk henta ut i frå dagens ungdomsspråk, som då betyr at denne boka ikkje er tileigna den eldre garde eller små barn, men heller meir retta mot ungdommar i 12-14 års alderen. Illustrasjonane er sjølvsagt også blitt fornya slik at dei står i stil med tekstane og gjer at man trekk litt ekstra i smilebanda når ein les.
Alt i alt, mein eg at det er eit veldig bra forsøk på å modernisere Roald Dahls fortellingar, men at humoren blei litt for barnsleg og kjedeleg for min del.     

1 kommentar: