Knutar av Gunnhild Øyehaug
Originaltittel: Knutar
Forfattar: Gunnhild
Øyehaug
Forlag: J.W.Cappelens Forlag
Utgivelsesår: 2005
Det er mange ting folk
i dagens samfunn folk ikkje vil være komfortable med å snakke om, eller ting
som ein rett og slett ikkje klarar a setje ord på. «Knutar» av Gunnhild Øyehaug
er ei novellesamling som tøyer desse grensene, og klarer å formidle ting ein
aldri kunne tenkt seg å være skriven i ei bok.
Dette er ei novellesamling
med korte tekstar der man får sterke innblikk i karakteranes tankar og
følelsar. Boka verker sterk preget av realismen, ei tidsepoke i litteraturhistoria
som var kjent for å snakke om ulike problema i samfunnet og ting som tidlegare
var sett på som ugreitt. I denne samlinga veljar Gunnhild å skrive om ting om
dei fleste ikkje vil være komfortabel å snakke om. Ho beskriver verkelegheita
på ein brutal og ofte litt komisk måte. Kjærleik, død, einsemd, sex og
ungdomstida er hovudtema som blir brukt i boka.
Når det kjem til skildringane,
kan dei fort bli sett på som pinlege og ukomfortable. Uansett skriv ho om dei
på ei måte som gjer dei uunngåeleg og verker meir naturleg for lesaren. Ein
klarer ikkje å sjå bort ifrå desse og dei blir brukt høgtideleg gjennom heile boka.
Du trenger ikkje lese mellom linjene for å skjønne at desse novellene handlar
om det psykologiske som forgår i mennesket, og at det er dette som driv tekstane,
i motsetning til mange andre noveller kor det er handlinga som er hovudfokus. Her
bygger tekstane på det persona tenkjer og føler i ulike situasjonar, og
forfattaren klarer med dette å skape ei heilt spesiell stemning i kvar av dei
ulike tekstane som utgjer heilheita for novellesamlinga.
Det er mange ting ein
kan seie om dette vesle verket til Øyehaug, men av alle dei ulike meiningane om
boka vil nok fellesfaktoren være at den er modig, og det er nettopp dette som
gjer at boka skil seg ut. Kvart stykke har eit bodskap og ein eigenfølt stemning.
Samtidig har eg ein følelse av at ein må ha nådd ein viss alder og være moden
nok for å verkeleg forstå boka og for å kunne ta den seriøst. Der er ingen tvil
om at dei fleste barn vil syns at boka er for rar og flau å lese. Uansett syns
eg at det er ei spenstig bok med nokon viktige bodskap, som tør å legge fokus på ubehagelege situasjonar
og følelsar. Om eg må seie noko negativt om den, er det at det nokre gonger tar
litt tid å bli fanget av novellene og at det tar litt tid før dei kommer i gang.
Uansett vil eg ikkje sjå bort ifrå at nokre av det eg ikkje likar ved boka er
rett og slett fordi at eg er for ung til å relatere til dei og til å verkeleg
kunne forstå dei.
Terningkast: 5
Fint innlegg! :-)
SvarSlett