søndag 29. oktober 2017


Knutar av Gunnhild Øyehaug


Originaltittel: Knutar                             
Forfattar: Gunnhild Øyehaug
Forlag: J.W.Cappelens Forlag
Utgivelsesår: 2005 
                                          
Det er mange ting folk i dagens samfunn folk ikkje vil være komfortable med å snakke om, eller ting som ein rett og slett ikkje klarar a setje ord på. «Knutar» av Gunnhild Øyehaug er ei novellesamling som tøyer desse grensene, og klarer å formidle ting ein aldri kunne tenkt seg å være skriven i ei bok.

Dette er ei novellesamling med korte tekstar der man får sterke innblikk i karakteranes tankar og følelsar. Boka verker sterk preget av realismen, ei tidsepoke i litteraturhistoria som var kjent for å snakke om ulike problema i samfunnet og ting som tidlegare var sett på som ugreitt. I denne samlinga veljar Gunnhild å skrive om ting om dei fleste ikkje vil være komfortabel å snakke om. Ho beskriver verkelegheita på ein brutal og ofte litt komisk måte. Kjærleik, død, einsemd, sex og ungdomstida er hovudtema som blir brukt i boka.
  
Når det kjem til skildringane, kan dei fort bli sett på som pinlege og ukomfortable. Uansett skriv ho om dei på ei måte som gjer dei uunngåeleg og verker meir naturleg for lesaren. Ein klarer ikkje å sjå bort ifrå desse og dei blir brukt høgtideleg gjennom heile boka. Du trenger ikkje lese mellom linjene for å skjønne at desse novellene handlar om det psykologiske som forgår i mennesket, og at det er dette som driv tekstane, i motsetning til mange andre noveller kor det er handlinga som er hovudfokus. Her bygger tekstane på det persona tenkjer og føler i ulike situasjonar, og forfattaren klarer med dette å skape ei heilt spesiell stemning i kvar av dei ulike tekstane som utgjer heilheita for novellesamlinga.

Det er mange ting ein kan seie om dette vesle verket til Øyehaug, men av alle dei ulike meiningane om boka vil nok fellesfaktoren være at den er modig, og det er nettopp dette som gjer at boka skil seg ut. Kvart stykke har eit bodskap og ein eigenfølt stemning. Samtidig har eg ein følelse av at ein må ha nådd ein viss alder og være moden nok for å verkeleg forstå boka og for å kunne ta den seriøst. Der er ingen tvil om at dei fleste barn vil syns at boka er for rar og flau å lese. Uansett syns eg at det er ei spenstig bok med nokon viktige bodskap, som  tør å legge fokus på ubehagelege situasjonar og følelsar. Om eg må seie noko negativt om den, er det at det nokre gonger tar litt tid å bli fanget av novellene og at det tar litt tid før dei kommer i gang. Uansett vil eg ikkje sjå bort ifrå at nokre av det eg ikkje likar ved boka er rett og slett fordi at eg er for ung til å relatere til dei og til å verkeleg kunne forstå dei.
Terningkast: 5                                               

1 kommentar: