mandag 23. oktober 2017



Kjære søster
Eg har lest boka «Kjære Søster» av Alf Kjetil Walgermo. Boka handlar om 16 år gamle Eli Anne som nettopp har mista den eit år yngre søstera si, Amalie. Foreldrene til Eli Anne bestemme seg for et de skal legge ned Facebook-profilen hennar, men Eli Anne overtyde dei til at den skal slettes til jul. Kvar dag inntil da skriv Eli Anne private meldingar på veggen hennar, som berre ho kan sjå. I meldingane ho skriv, skriv ho om bl.a oppveksten deira og musikk. 

Dette er en ganske spesiell bok. Den er ikkje skriven på «tradisjonelt» vis, kvar sia er dedikert til et Facebook-innlegg.
Dermed får vi ikkje noko forhistorie og vi må berre lese vidare for å forstå kva som har hendt. 

Personleg synast eg ikkje at denne boka var så bra. Den er bygd opp på et veldig godt konsept og forfattaren kunne ha gjort mykje meir ut av det. Måten han har gjort det på er kreativ og nytenkande, men det øylegg historia. Det skapar ikkje nokke spenning, og eg synast at boka rett og slett var kjedeleg.
Sjølv om boka ikkje var optimalt skriven, synast eg at forfattaren skal få ros for å ha tatt opp et så vanskeleg tema.
På bakgrunn av denne bokomtalen gir eg boka terningkast 4.

2 kommentarer: