torsdag 19. oktober 2017

Dystopia I, Terje Torkildsen

Dette er fyrste boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Ho vart gidd ut i 2009, det same året som Terje Torkildsen fekk Uprisen for romanen «Marki Marco». Torkildsen er født i 1971 og bur i Stavanger. Han arbeider som komikar, skodespelar og forfattar. Han fekk og Uprisen i 2011 for boka Dystopia III.
Boka er skreve for ungdom og er godt tilpassa målgruppa. Ho har eit ungdommeleg språk, innleving, spenning, og ein original historie. Boka passer for deg som er ein utolmodig og spenningsglad lesar. Torkildsen har fylt boka med små spenningstoppar som gjer at ho er veldig lett å lesa. Dei små spenningstoppane gjer og at ein vil fortsetta og lesa.
Dystopia I handlar om seks ungdommar som saman med deira to lærarar oppheld seg i London når det dei trur er ei hundreårsbølgje inntreff. Handlinga finn sted tidleg i januar, noko som gjorde det ekstra kaldt når dei heller ikkje hadde noko elektrisitet til oppvarming. Straumen går og dei får ikkje inn telefondekning, dei har ikkje vatn og byen blir evakuert. Dei veit ingenting om hendelsen, verken kor mange som er ramma eller kva som eigentleg har skjedd. Likevel klar dei til slutt å tenkje seg til at det ha måtte vere ein stor tsunami som mest sannsynleg har ramma fleira områdar og land.
Skuleelevane kjem frå Stavanger og dei var ute på byen kvelden før tragedien. To av gutane vakna opp på ein framand plass i bakrus og dei prøver å finne vegen tilbake til hotellet. Heldigvis har han eine av dei to gutane budd i byen tidlegare. Det er portforbod i heile London, men med god hjelp frå ein politimann kjem dei til slutt fram til dei andre på hotellet. Lærarinna deira er borte, truleg drepe av dei store vannmassane. Læraren deira sei at dei må komme seg til flyplassen for å ta flyet heim.
Flyplassen er stengd og det opphald seg store folkemengda som desperat prøver å komme seg ut av landet. Dette til inga nytte. Militære styrkar kjem og  reinskar heile området. Det oppstår stor panikk og folk spreng. Nokon dett og blir trampa i hel av den store folkemengda. Læraren er blant dei som døyr på flyplassen og elevane blir overlaten til seg sjølv.
I resten av romanen følg me deira reise frå flyplassen i håp om å komme seg ut av landet. Dei opplev mang skumle scenar noko som gjer sterkt inntrykk på dei seks ungdommane. Dei møt på mange utfordringar, men klarer og tenkje utanfor boksen slik at dei på mirakuløst vis kjem seg vidare på ferda. Dei køyrde truck, båt, bil og buss og ikkje minst gjekk dei langt i løpet av dei seks dagane i tragedien. 
Til slutt finn dei ut at dei må komme seg til Eden. Dei har funne ein ny bil som hadde vore utfor ei ulykke og var derfor litt vraka. Dei får likevel start på bilen og begynner reisa mot «Edens hage». Bilen hadde ikkje lys, og dei køyrde på ein grevling. Sidan butikkane hadde stengt hadde dei lite mat, og måtte ete det dei fant på vegen. Dette var grunnen for at det bestemte seg for å ta med seg grevlingen til Eden. Mens dei berde Grevlingen til bilen, vart dei angrepet av tre rømte fangar. Dette var ei ofseleg scene som resulterte i to dødsfall og ein kritisk skadd.
På slutten av romanen får vi vete at dei har nådd fram til Edens Hage. Her har dei dyrka ein regnskog inni eit stort drivhus. Dei er enda ikkje heime i Norge, men det ser lysare ut for dei fem gjenværande ungdommane. Vi får ikkje vite kva som skjer vidare, så om du vil vete om dei kjem seg heim må du nok lese alle fire bøka. 

Vanja Fjerdingøy

1 kommentar: