lørdag 28. oktober 2017

Frøppeldunk
Frøppeldunk er ein bok som ble utgitt i 2015 av Berit Rødstøl, og er illustrert av  Christian Fjeldbu. Boka handlar om Ea og mora som kvar sommar reiser til campingplassen Frøppeldunk. I elva ved campingen er det alltid mykje laks, og mora gleder seg til å fiske. Ea derimot er meir interessert i den store fossen som gjer at det alltid er ein regnboge i fine fargar på himmelen. Hagbart er han som driv campingen, og Ea og mora ser fram til å treffe han og dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren er fossen heilt tørr og ein etter ein forsvinn fargane frå Frøppeldunk og landskapet rundt. Ea og ferievennen hennar Lars startar ei jakt etter løysinga. Alle dei ulike campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

Frøppeldunk er ein eventyrleg og surrealistisk forteljing om vennskap og miljøvern. Dei særeigne illustrasjonane gjer at teksten blir utfylt og dette inviterer lesaren heilt inn i den fantasifulle verda kring Frøppeldunk.

Eg synes boka var veldig bra. Den er skreve for barn mellom seks og ni år, og eg synes det er viktig at også barnebøker kan handle om større og viktige tema. Ikkje berre tar boka opp eit viktig tema men også ein god historie. I boka er det mykje tull og fjas, men botnlinja er alvorleg. Det handlar om kordan vi behandlar naturen rundt oss og konsekvensane av det, noko som er eit veldig aktuelt tema. 

1 kommentar:

  1. 최고 지도자는이 헛소리를 허용하지 않는다.

    SvarSlett