Historia om det tapte barnet
Boka heter «historia om det tapte barnet» av Elena Ferrante, som er eit pseudonym. Det er den fjerde, og siste boka i serien til Ferrante om Lenu og venninna hennar Lila, og livet deira ilag. Den kom ut i 2016. Det originale namnet på boka er «Storia della bambina perduta» og ble oversatt frå italiensk til norsk av Kristin Sørsdal. I serien kan ein lese om livet deira frå dei er små. I siste boka er det fokus på når dei er vaksne og blir gammal. Ein les frå Lenu sitt perspektiv, som har forlat heimstaden for å studere, og når ho kommer tilbake er levekårane verre enn når ho drog. Bydelen har fått eit problem med narkotika, menneskjer døyr og Lila har forandra seg for det verre. Boka er satt i midten av syttitalet.
Sjølv om boka ikkje er skrevet på en poetisk måte, men heller som sjølvbiografi, står det mykje mellom linjene. Forteljarmåten er eg- forteljar, så når hovudpersonen, Lenu, ikkje veit noko som skjer, er lesaren også uvitande. Det er mykje skildring, både person og miljø. Romanen er skrevet i kronologisk rekkefølge, men ofte bryter hun kronologien og fortelar om noko som skjer eller vil skje. Romanen er bra skrevet og har mange spenningskurver og vendepunkt som holdar på lesaren. Ferrante tar opp vanskelege tema i en vanskeleg tid, og det gjer boka bra. Dette er ein bra skrevet roman som fortenar all rosen den får.
Fint innlegg! :-)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett