søndag 29. oktober 2017

Så vakker du er





Boka Så vakker du er, er skreve av Brynjulf Jung Tjønn og blei utgitt i 2013. Boka er ein underhaldande ungdomsroman. Måten boka er skreve på kan minne litt om dikt samtidig som det er fullstendige setningar og dannar en hel historie, den er skrevet poetisk. Det er ei bok om kjærleik og sorg. Så vakker du er vant brageprisen 2013.




Det er sommar og Henrik venter på at Kjersti, jenta Henrik er forelska i, skal komme heim frå ferie. Snart kjem Kjersti heim og Henrik lurar på om ho har sakna han. Onkel Simon har blitt veldig sjuk og flytter inn til Henrik og mora. Ingen forteljar Henrik kvar sjuk onkel Simon er, men han skjønnar dette er alvorlig og kva for ein vei dette vil gå. Så vakker du er, er ei forteljing der Henrik som blir eldre ser onkel Simon bare bli sjukare.

Eg synast det er ei utrulig fin bok. Det er ei bok som reflekterer rundt kvardagslege tema som ungdommen opplever. Ein kjenner seg igjen i boka når ein leser den og ein blir raskt ein del av historia. Eg villa gitt boka terningkast 5.

2 kommentarer: