TA 100 STEG OG FÅ EIN VENN

Boka er fylt med fine
forteljingar om å møte kvarandre. Hovudfokuset i boka er at vennskap kan oppstå
på tvers av kjønn, alder og kulturelle skilnader. Nokre av novellene er korte
og poetiske, mens nokre er litt lengre.
Illustrasjonane
gjev assosiasjonar til sjømannstatoveringar – vi ønskjer oss alle varige
vennskap og å være likt av nokon. Kvar vesle forteljing handlar om ulike
situasjonar der nokon møtes.
«Trappetrinn» er eit
godt eksempel på typen historie vi finn i novellesamlinga. Det var når eg leste
den at eg forstod tittelen på boka. Forteljinga handlar om ein gut som bor på
trappetrinn 13. Han vil bli venn med jenta som bor helt øvst i trappa, på trinn
113. Derfor skriv han eit lite brev til ho, som han legg utanfor døra hennar,
og ring på. Han spring ned trappa i full fart for å gøyme seg, så smuglyttar
han ved døra. I brevet står det «TA 100 STEG OG FÅ EIN VENN». Guten høyr at den
øvste døra opne, og han høyr jenta ta det første steget, og så dei neste 99.
Eg syns boka var
veldig sjarmerande og vil anbefale den til alle som er ute etter lett
lesestoff. Målgruppa er mellomtrinnselevar, men dei sjarmerande forteljingane
kan lesast og nytast av alle aldersgrupper.
Fint innlegg! :-)
SvarSlett